Korleis forstå damer
Opprinnelig pris var: kr 300,00.kr 200,00Nåværende pris er: kr 200,00.
65 på lager
Gratis frakt over 1500,-
- 2-3 dagers leveringstid
- 14-dager returrett
- Fornøydhetsgaranti
- Høy kvalitet
Korleis forstå damer
Vi har i mange tiår prøvd å bli kloke på damene. Mange kveldar og seine netter har vi
diskutert og prøvd å sette oss inn i korleis dei tenker og kva dei eigentleg meiner.
På eit tidspunkt fann vi ut at vi skulle ta oss tid til å skrive ei bok om temaet.
Resultatet vart boka «Korleis forstå damer».
Ettersom det å prøve å forstå damer truleg ikkje berre er noko som blir diskutert her
til lands, har vi laga ei fleirspråkleg bok, og den vil såleis vere aktuell for sal i store
deler av verda.
Vi er jo smerteleg klar over at salet av fysiske bøker går ned, og færre og færre orkar
å lese bøker. Derfor har vi prøvd å gjere boka så lett å lese at dei fleste kan greie å
komme seg gjennom denne.
Vi vurderer også å gje den ut som lydbok, men det blir eventuelt først utpå hausten
2024.
Boka er sjølvsagt signert av begge to.
Boka kostar kr 300,- + evt. porto, men her må ein vere rask for å sikre seg eit
eksemplar, for førsteutgåva er trykt i eit avgrensa opplag.
Om forfattarane:
Simon Vie (45)
Frå: Førde
Sivilstatus: Sambuar
Yrke: Langtransportsjåfør
Anna: festivalsjef,bartender, vakt, geitebonde, jeger og friluftsmann, fengselsfugl,
ikkje politisk engasjert, seljar, eigedomsmeklar, fotograf, podcastvert, handlangar,
mosjonist, festus, dreng, skogsarbeidar, befal, brøytar og diverse andre småtterier
Tore Fossen (60)
Frå: Førde
Yrke: Marknadsførar
Anna: Lokalpolitikar (H), hobbyforfattar, festivalarrangør og har sprunge ein
halvmaraton i Oslo på 2:00:12. Ingen registrerte fengselsdommar.
Anmeldelser
Det er ingen anmeldelser ennå.